Daledagane 2023

Daledagene er eit årleg kultur- og næringslivsarrangement for heile Vaksdal Kommune, og er lokalisert i Gatå på Dale. Daledagane vert i 2023 arrangert for 36 gong! Tradisjon er eit nøkkelord for gode Daledagar, og me har eit godt samarbeid og støttar opp under frivillige lag, organisasjonar og kulturlivet lokalt.

Daledagane er ein viktig arena for frivillige lag og organisasjonslivet, song og musikklag, idrettsaktivitetar og det lokale næringslivet til å samlast og visa seg fram for eit stort publikum.”Bynært bygdeliv” er visjonen til Vaksdal kommune, og Daledagane er eit godt døme på dette, der føremålet er å ta vare på, og utvikla det gode med bygda og kommunen.

Vaksdal kommune er ein viktig støttespelar for Daledagane! På Daledagane finn du eit vidt spekter med god mat med opprinnelse frå både inn og utland, mangfoldig underhaldning, konkurransar og kulturarrangement fleire dagar til endes, og ei Gatå proppfull med spanande salsboder med ulike varer og prøve moglegheiter.

Fullstendig program vert som vanleg publisert på vårparten 2023, så hugs å klikke interessert/skal på arrangementet, og følg med her på Facebooksida vår for oppdateringar framover!

Daledagane ynskjer bygdefolk og tilreisande gjestar hjarteleg velkomne til gode Daledagar 2023.Sett av helga 01.06 – 04.06.2023 (fyrste helga i juni) og kom å opplev eit yrande liv i Gatå på dei 36 Daledagane i 2023 !

VELKOMMEN, me gler oss til å sjå deg i Gatå! Del gjerne dette arrangementet med dine venner! 🙂

    Markedsinformasjon
    Markedsinformasjon