Gatemarked i Ytre Arna

I år skal Ytre Arna sentrum koka igjen!
Lørdag 8.juni vert det arrangert gatemarked i Ytre Arna for 11.gong. Sidan det vart starta i 2011 har det est ut som ein bolledeig under kjøkkenhandduken, som ei strømrekning på vinterstid(…og andre tørre og småvittige metaforar for ting som veks…).

I eit samansurium av inn- og uttrykk får de vera med på eit sirkus av ramslauksmør, plantesalg, retrosaker og gjenbruk, kunst og handarbeid. Ting du treng og ting du ikkje visste du trengde. Eit folkefylt sentrum med yrande liv, Streetfood, Streetart og musikk på gata.

Sukkerspinn, regnbogar og enhjørningar…
Ein skal ikkje love meir enn ein kan halde, men det pleier å verta såpass magisk at det ikkje er så utruleg langt frå sanninga…

Øv deg på pruting, ta deg ein kopp kaffi, sjå på folk, kjenn på livet, finn deg ein skatt og selg tinga du ikkje treng meir. Om du er klar for ein eller fleire av desse tinga håper me du set av laurdag 8.Juni for å vera med å setja den gode stemninga denne dagen!

Ta kontakt om du vil setja opp ein bod for salg. Me har plass til det meste, men store gjenstandar som store møblar og liknande må du desverre setje att heime.

Send ein e-post til brodogsirkus@hotmail.com om kven du er og kva du har lyst til å stille med, så høyrer du frå oss.

Me gler oss! Hjarteleg velkommen!
Ytre Arna Brød og Sirkus

    Markedsinformasjon
    Markedsinformasjon