
Kviteseidmarken blir arrangert i Kviteseidbyen kvart år i midten av februar. Høgdepunktet har vore det tradisjonsrike tråvløpet på isen på Sundkilen, ein tradisjon som går tilbake til 1880-åra. Men med høgare og meir skiftande temperaturar er det nå vanskeleg å planlegge for dette arrangementet då isen er meir uforutsigbar. Men det vil vere mange kulturelle innslag, markensbodar og mykje folkeliv som alltid på Kviteseidmarken.





