Lærdalsmarknaden

Gå mellom historiske trehus på Gamle Lærdalsøyri, smak heimelaga lokalmat og sjølvdyrka frukt og grønt. Opplev ein av Noregs eldste handelsmarknader.

Frå tidlegaste tider har Sognefjorden, Lærdalen og Filefjellet vore viktig for samferdsla mellom aust- og vestland. Ferdselen førte med seg handel, kulturell utveksling og utvikling. Og framleis fører vegane til Lærdal…og dei historiske marknadane!

Foreininga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknader årleg; Lærdalsmarknaden (tredje helga i juni), Haustmarknaden (siste helga i september) og ein Julemarknad på nest siste laurdagen i november.

Hjarteleg velkomen til seljar og gjest – til ein handelsfest mellom aust og vest!

    Markedsinformasjon
    Markedsinformasjon