Morellfestivalen 2026

Morellfestivalen er ein festival som vert halden siste helga i juli på Lofthus i Hardanger. Festivalen vart starta opp i 1996 og har vorte skipa kvar sommar sidan då.

Hovudtrekkplasteret heilt frå oppstarten av festivalen har vore NM i morellsteinspytting. Det vert her konkurrert i 3 klassar: junior, kvinner og menn.

​Det er ingen forhåndspåmelding til morellsteinspyttinga, påmelding skjer lørdag før start.

Det fyrste året spytta Ronny Boge frå Strandvik i Fusa kommune ein morellstein 9,8 meter. Den noverande rekorden er i herreklasse. Innehavar er Øyvind Gjuvsland frå Suldal, som spytta heile 15,15 meter. Sigurd Sollien er tradisjonelt programleiar for NM i morellsteinspytting.

På festivalområdet vert det kvart år sett opp mange salsboder, der ein m.a. kan få kjøpt matprodukt laga av frukt og moreller.

    Markedsinformasjon
    Markedsinformasjon