Velkomen til Torgdagen i Bergen 2025
Sidan 1977 har Torgdagen i Bergen vore ein fast tradisjon kvar sumar. Det er difor ei stor gleda for meg å igjen ynskje velkomen til Torgdagen i Bergen. Torget i Bergen er ein stad som har tradi- sjonar som går mange århundre tilbake i tid. Her er det liv og røre. Folk møter kvarandre for å handla varer med kvarandre. Ein handel på Torget er ei oppleving for både bymann og stril, så vel
som for turistane.
Slik var det òg i gamal tid, då strilane kom til byd’n for å selja fisken sin og dei andre varene sine. Dei kom med små båtar, færingar og seksæringar, frå fjern og nær. Nokre gongar var vinden gunstig og seglet kunne stå for framdrifta, men oftast måtte strilane ro, med tunge fiskekister på slep. Sjølv frå dei ytste øyane og inste fjordane kom folk til byen for å handla, og det kunne vera ein seig tur i motvind og sjø. Det var viktig å nå fram til Torget i tide for å sikre seg ein god sals-plass.
Torgdagen i Bergen omfavner denne kystkulturen som gjennom generasjonar gjorde Torget til ein viktig møtestad for bymann og stril. Me i Torgdagsstyret prøver å gjenskapa den tida ved å laga ein familiedag der bymann og stril igjen kan møtast på Torget, og sjå, høyra, lukta og kjenna den tida der folk kom til byen med fine klede og båtar, og har med seg handarbeid, husflid, bakevarer
og fisk av alle slag.
Me ynskjer at Torgdagen i Bergen skal vera ein merkedag for mange, og me gler oss over at fleire og fleire kjem til, ikkje minst dei unge. Dette er veldig gledeleg og vitnar om at Torgdagen òg har ei framtid. I dag kan me sjå mange fine båtar som er eigd av privatpersonar, lag og organisasjo-nar. I løpet av vinter og vår har dei stelt, pusset og smurd båtane slik at dei er like fine som då dei var det viktigaste transportmiddelet for å komma seg til byen