Kafferedet

Kafferedet er ei lita vestlandsbedrift inspirert av vestnorsk vêr, natur, kultur og historier – med kaffi, gode smakar og relasjonar i sentrum.

Vi sel økologisk kvalitetskaffi frå små familiegardar og kvinnekollektiv, og lagar eigne produkt som Havbris iskaffi, Stappa strilakjeks, brownies og andre godsaker. Kaffien vår finn du mellom anna hos Bryggens Museum og Lundemannsverk gard på Stord, og vi leverer også til bedrifter og privatkundar.

Ein viktig del av Kafferedet er å løfte fram folk, stader og historier. Derfor lagar vi også kaffi med eigen design og personleg uttrykk for bedrifter, arrangement, gåver og spesielle høve.

Vi er opptekne av berekraft, gode råvarer, ekte relasjonar og produkt som både smakar godt og har ei historie å fortelje. Nynorsken, humoren og den vestlandske identiteten får sjølvsagt vere med på laget.

  • Kafferedet er ei lita vestlandsbedrift med stor kjærleik for skikkeleg god kaffi og gode smakar. Vi tilbyr økologisk kvalitetskaffi frå små familiegardar og kvinnekollektiv, saman med heimelaga cookies, brownies og andre godsaker. Vestlandet, nynorsken og den litt uhøgtidelege strilastilen er ein viktig del av identiteten vår: lokalt, ekte og laga med omtanke.

  • https://kafferedet.no/
Kontaktinformasjon
Utstillerkategori
Kontaktinformasjon